Velkomen og opplev

KOPPEN GARD

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Opplevingar

Gamlahuset og smio

Her får du guiding i Gamlahuset, tunet og den gamle gardssmio.
I gamlahuset får du oppleva korleis dei typisk levde på gardane på Osterøy, framover til 1970 talet.
I tunet finns mange bygningar, som har vore her frå gamalt av.
Gardssmio har me sett i stand, slik at ho kan brukast til smiing.

Kurs og undervisning

Av og til arrangera me kurs i gamle handverksteknikkar. Dette vert kunngjort på Facebook-sida vår.
Me stiller gjerne opp for skuleklassar og grupper, som vil nytta garden som læringsarena.

Aktivitetar

Er du på jakt etter regenerative opplevingar? Då laga me til eigne opplegg tilpassa både dine ferdigheiter og interesser.
Her kan du gjerne ta med deg turgruppa eller venegjengen om de vil møtast i eit sosialt lag.