DSC00245
Gamlahuset

GAMLAHUSET:

Då Nils Larsen (Janne sin tipp – tipp oldefar) kjøpte den eine bruket i 1852 av Ole Nils Loftaas var huset berre ei stove med ei bu attåt i søre enden.

Sonen hans, Lars Nilsen, skulle gifta seg og Lars ville ta vekk bua på huset og heller byggja ei stove der. I 1862 drog han opp til Almenningen nord på Osterøy, og der vart alt tømmeret felt. Så var det å få det på vatnet og fløta det over til Vare. Der vart det teke på land og på eitkvart vis fekk han det nedover og lempa det på sjøen i Fotlandsvåg for å flota det til Lonevåg. Herifrå vart det på nytt teke på land og ført fram til Borgavatnet med ny fløting over til Hauvikjæ. Då hadde det vore i vatten tre gonger. Siste etappe var å få tømmeret fram til Bringbakkjen i Hansdalen (grunna stort tømmer var det vanskeleg å få låna hest til transporten). Der vart stokkane lempa ned til elva. Stokkane vart så lagt på ei stelling der og ein kar sto oppe og ein annan under og drog saga opp og ned. Tømmeret var grovt. Plankane vart skorne 3 ½ tomme tjukke og måler ei bredde på 12 – 14 tommar. Det fortel litt om dimensjonar og eit ufatteleg slit og arbeid.

Dette arbeidet tok fire år, og i 1866 kunne nyakono, Martha Johannesdotter frå Hansdalen flytta inn. Det var same året han fekk skøyte på garden. (I 1881 fekk han skøyte på den andre garden).

Første sonen til Lars og Martha, Nils Larsen, gift med Ingeborg Nilsdotter Hauge, overtek begge gardane i 1895 og frå 1923 er begge gardane slegne i hop.

Den eldste stova, med likluka på veggen.
Den eldste stova, med likluka på veggen.

Den gamle bua som utgjorde huset den gongen, er bygd av rundtømmer (lafta) og er truleg frå 1500 – 1600 talet eingong. Tømmerveggane er av al. Stova har ei luke i golvet der dei gjekk ned for å nytta kjellaren til ulike formål, bl.a. var det ei vasskjelde der. I Nordre veggen er der ei luke til å frakta ut dei som døydde. Ytterkledningen på austsida av huset var også al og sto ubehandla så lenge Magnus Koppen budde der (1907 – 1985) budde der, ellers var huset kvitmåla med torvtak fram til om lag midten av 1900 talet.

Opprinneleg var både stova, gangen og kjøkkenet eit stort ope rom. Grua er ei dobbelgrue, dvs. med plass til to skjæringar (to hushald). Kjøkkengolvet er dekt med store steinheller (praktisk). Ved kjøkkenet er det også ei lita bu med plass til diverse kjørel. Utanfor kjøkkendøra er der eit platå av steinheller og steintrapper ned på begge sider. Det var rekkverk langs trappene og på platået/avsatsen var der ein benk over heile breidda med ryggstø. Kjellaren under «nyastovå» vart nytta som pote, grønsaker, oppbevaring av saft og syltetøy og plass til saltestampar med kjøt.

Ingeborg (kona til Nils Larsen) passa på når Andreas`en or Hansdalen kom og hjelpte til med å kutta opp risved. Han hadde for vane å lista seg inn i potekjellaren og ta med seg nokre pote når han skulle heim att. Dette lika Ingeborg dårleg.

Frå gangen går det trapp opp til utelemmen, lemmen og loftet. Loftet er over gamlastovå.

Ved inngangsdøra til huset er der ein stein som krev eit steg opp. På nordsida av steinen var det lagt ned heller for å unngå å stiga så høgt (tilrettelegging for dårlege bein).

I tunet var der hellelagt med store, fine heller. Midt i tunet sto der ein lang sitjestein med utsyn direkte bort i Hansdalen – slik var det mogeleg å få kontakt gardane imellom. Tunet skulle alltid vera ryddigt samstundes som det var periodar med hakking av risved og vedkløyving i tunet. All matlaging, klesvask, vasking osv. trong ved for oppvarming av vatten.

Der var steintrapper til husa rundt i tunet, mange trapper og hellelagte stiar.