Me veit ikkje kor gamal smio er, men er ein del av bygningane som var på garden før 1860.

SEFRAK-registeret seier at smio vart bygt i perioden mellom 1825 og 1849.
Me reknar med at den gamle gardsmia har vore nytta i fleire hundre år. Sidan 70-talet har smia berre vore brukt sporadisk. Smia står slik ho gjorde då ho vart nytta, med verktøy som tenger, ambolt, esa og belg. Bak esa er det tørkehella, slik at dei fekk nytta overskotsvarmen til å tørka kornet. Esa og belgen er spesiell. Belgen er ei tretønna med skinn, både oppe og nede, slik at dei kunne pumpa opp litt trykk, som vart slept sakte ut i esa.

Hovudetasjen er murt med lokal gråstein. Veggane er ca 90 cm tjukke. Framme er golvet plant med terrenget. Terrenget skrår opp bakover til det er jamt med døra til skutsjen (loftet). Veggen framme er reisverk med ståande kledning. Nede på veggen er det ståande naturheller. Golvet i smia er jordgolv. Takkonstruksjon er sperr og hanabjelkar, som er hogde til med øks. Taket er tekt med naturheller og teglpanner. Tidlegare var heile taket tekt med naturheller. Teglpannene vart kanskje lagt på 1920-talet. Rundt slutten av 1980-talet, løyvde fylkeskommunen og Osterøy kommune, pengar til restaurering. I denne restaureringsprosessen, gjekk mykje av dei originale bygningsdelane tapt. Men det førte til at bygningen ikkje gjekk tapt. Treverket som vart bytt ut og erstatta med gran, var kledning spikarslag, taklekter og tregolvet på skutsjen. Hovuddør, vindauge, og sjølve konstruksjon ser ut til å vera originalt, eller svært gamalt. I tillegg er interiøret tatt vare på, som esa, belg, arbeidsbord, hyller, ambolt og ein del verktøy.

Sparebankstiftelsen DNB har gjennom «Kulturminner for alle» som Fortidsminneforeningen forvaltar, har i år (2017), gjeve tilskott til vøling av smio.