Gå direkte til bloggen

Sparebankstiftelsen DNB har gjennom «Kulturminner for alle» som Fortidsminneforeningen forvaltar, har i år (2017) gjeve tilskott til vøling av smio.

Utover sumaren og hausten, vil me gjennomføra prosjektet. Fagperson for arbeidsoppgåver, som krev kompetanse innanfor tradisjonshandverk er Dennis Guhl, som til dagleg arbeidar innanfor dette fagfeltet.

Oppgåver som skal utførast er mellom anna:

  • Rydding
  • Drenering
  • Riva delar av taket
  • Riva delen av skorstein, som kviler på hanabjelkane.
  • Hogga nokre eiketre
  • Øksa nye hanabjelkar
  • Montera hanabjelkane
  • Mura oppatt skorstein
  • Vøla taket, leggja naturtein og torv/teglstein
  • Vøla esa og belg
  • Smi
  • Avslutta prosjektet med open dag.

Har du moglegheit for å delta eit par timar eller heile dagar, er du velkomen til det. Ta kontakt med Magne på epost/facebook eller telefon 91994205.

Me har ikkje sett opp faste dagar. Tenkjer at det er greitt å tilpassa det til når du kan vera med og at det er ikkje regnar. Me vil stort sett jobba med prosjektet dei fleste dagane i ferien, fram til 5. august.

Dei som er med, vil få mat og drikke.

I bloggen vil eg skriva litt etter kvart som prosjektet går framover.