Utfordringar med å føra vekk vatn frå dyrka mark på bruket.

Ser me først innover mot dalane, slik dei sa det, dei gamle, så er det ufatteleg mykje vatn som kjem frå myrane i utmarka til Rolland, Espevoll og Rongved. Dette kjem utover mot dei dyrka myrane på garden. Open bekk gjennom slåttemarka delte bøen i to og gjorde det upraktisk, samstundes som dei miste noko av bøen. Særleg haust og vår, og i periodar med mykje regn, gjekk vatnet lang over bekken sine bredder, vatnet runda Hausen og vidare nedover forbi Storåkeren. Der gjekk flaumen over vegen opp til Uterinden, nedover Svinatræ og møtte der store mengder vatn som kom nedover frå Åsbrekkena og utover Ramsdalsmyra. Der desse møtes vart det murt opp ein bekk som leia vatnet (langs vegen) nedover til Hansdalselva. I periodar med mykje vassføring vaska vatnet også vekk vegen nedover.

Eit stort arbeid tok form. For å halda på jorda på slåttemyrane vart det sett opp mur langs bekken på begge sider og det krov svært mykje stein. Etterkvart vart det leita opp passande store heller, og arbeidet med å dekka bekken med hellene var eit tung og krevjande arbeid. Hellene skulle liggja stødig og helst ikkje verta løfta opp ved stor vassføring. Etter kvart vart hellene dekka med jord og slåttemyrande var ikkje lenger så tungvinte å nytta i slåttonnene. Slått med langorv, seinare hesteslåmaskin, hesjer i «milevis» og berging av tørrhøy vart lettare. Det same med utkøyring av «møk» om hausten og laging av «møkamuar» som vart kasta utover om våren og harva før graset tok til å veksa. Ved beiting av siste etterslåtten kunne dyra gå uhindra over myrane. Ved stor vassføring hendte det likevel innimellom at heller måtte leggjast på plass att etter at vatnet hadde løfta på dei. Det var vanleg at myrane vart forvandla til innsjøar like ned til Ramsdalshaugen. Det kunne føra til skader som isbrann som gjekk utover avlinga.

I tillegg til vatn frå utmarka er det også mykje vassføring ned frå Tjoberget, mot Smalhuset og nedover gjennom Smalaskaret. Her tok også forfedrane på garden affære. Det vart grøfta og mura vassvegar og «kisteføring» for å unngå skade på beitelandet og for å unngå at vatnet tok vegen over dyrka mark. Desse er no grodd til og vatnet fløymer utover i alle retningar til stor skade for slåttemarka.

Nedanfor floren er det ein liten del av den murte bekken som er open. Der er også ei større steinbru frå gamal tid. Attmed brua er det ei stor helle nede i bekken, her vart mjølka avkjølt og elles bruk av vatn til ulike formål.

Ved brua opp til Høgstølen er det også laga til med helle (heller) i bekken. Her kunne forfedrane også nytta vatnet til ulike føremål og ved slaktinga var det alltid her dei «skylte or tarmar og vommer). Det var ei praktisk ordning for å nytta all innmat frå dyra. I alt vart det sett opp fem bruer over denne hovudvassvegen over dyrka mark. Langs Storåkeren er noko av bekken framleis open ned til Olerotmyra.

Innover i utmarka langs hovudvassvegen er det også lagt ned mykje arbeid for å halda kontroll på vatnet. Der er det òg to steinbruer, for å gjera tilkomsten lettare for bruk av marka.