Det me veit er at den først nemde som budde på garden er Mogens (Mons) Koppen 1 i 1567. I 1563 er nemd utan namn ein lauskar eller husmann. Mogens/Mons betalte 1 pd. 6 mk.sm. Landsjyldog 1 faaresk. i Leding til “kronen” I 1590 legg Jon Koppen “Sigtens” lands. med 1/2 Laup sm. 1 mæle malt. Lending 1 geitsk.  (Om nokon kan tyda forkortingane, er me glad for tilbakemelding).

Ut frå funn i nora skykkja kan det tyda på at der har stått eit anna bygg der før gamlastova.Tunet_vinter

På Dalstølen er gjort funn av 2 graver, den eine rekna frå 900 talet, den andre er nemd frå vikingetida – det var vanleg med ulike gravgåver, av 2 ringforma spenner av bronse er den eine av irsk opphav frå 900 talet.

På slutten av 1700 talet vart det etterkvart forbetringar i jordbruksdrifta og bøndene kunne søkja Det Nyttige Selskab i Bergen om tilskot til utbetringar. I 1777 vart Hans Nilsson Koppen premiert med 5 riksdalar fordi han hadde bygd eit nytt steinhus på 8 x 6 meter og tekt det med steinheller.

I siste halvdel av 1800 talet vart det gjort eit ufatteleg arbeid med å skaffa tømmer frå allmenningen til Mjelde skipreide nordaust for Storavatnet til tilbygg på gamlahuset.

Ein av dei som har budd på garden heitte Ola. Han var dyktig på å laga tretallerkar, kjerald, bakstekjevler, rokkar og kanskje endå meire. Svarvestolen står framleis i “Litlaløa”. Dette må ha vore i siste halvdel av 1800 talet.

Når det gjeld naud og fattigdom var Vevle i legdordning med Koppen, Rongve og Espevoll.

Hansdalselva har vore eit skilje mellom kva kyrkjesokn garden skulle tilhøyra. Den gamle kyrkjevegen går om Heiæ til Øyor og så vidare til Gjerstad. Ellers kom det etterkvart kjerrevegar om Rinden til Kleiveland og til Hauge. Desse var viktige for å kunna koma lettare til “sjødn” (Valstrand – slik dei sa det).

Garden dreiv med salg av kjøtvarer, pote og ved, det vart rodd til Bergen, og med fabrikken i Elvæ vart det omtrent som bydn å rekna for salg av produkter.

Hestastallen er bygd av trevirke etter ein av brannane i Bergen.

Då det vart bygd “ny” flor på garden vart det nytta stein til murane frå det andre tunet som låg tett atmed, og seinare vart det gamle tunet til ein frodig ripshage. I tillegg til Florsbrekkå og Smibrekkå har med også “Vøvlåkeren” – truleg frå tida då gardane nytta teig om teig før utskiftinga.

Garden hadde beiterett i området rundt Solbergsetrane. I følge far min vart den etterkvart mindre nytta.

I Bloddalen er ei svært gamal kjelde som det seiest aldri går tom. Vatnet er heilt klårt. Kjelda vert fylt med fin sand (til bruk ved husvask i gamal tid) og må reinsast for sand innimellom.

På 80-talet, lagde Bygdanytt fleire reportasjar om garden. Ein av dei kan du lesa her http://koppengard.no/wp-content/uploads/2016/10/Bygdanytt-16.9.1988.pdf

Les meir om slekta på www.brudvik.org