Målet er å opna tunet, bygningane og kulturlandskapet for omvisingar og opne aktivitetsdagar. I denne samanhengen tenkjer me å nytta bygningar som torvhus, smia, kvednhus, osb. til handverk dei var meint for. Slik at me kan formidla gamle handverkstradisjonar. I tillegg ynskjer me å stilla bygningane til disposisjon, for personar eller små grupper som er interessert i gamle handverk som, maling av korn, smiing, osb.

Då me overtok, januar 2013, var bygningar og kulturlandskap prega av mangel på vedlikehald. Me er begge i full jobb og vedlikehald og istandsetting, er oppgåver, som me gjer på fritida. Difor tek arbeidet lang tid.

Er du interessert i å delta i dette arbeidet, er du velkomen til å ta kontakt med oss.

Janne Kallestad og Magne Raknes