Kven er me?
I denne stille og fredfulle sidedalen finn du garden Koppen. Her finst spor etter busetnad frå over 1000 år sidan.
Koppen består av 14 bygningar i utmark og innmark, frå 1600-talet til i dag.
Store delar av kulturlandskapet er intakt, slik det har vore gjennom generasjonar, med steingardar, bakkemurar, kisteveiter, slåttemark, kjelder, for å nemna noko.
Hjå oss kan du få oppleva den gode atmosfæren ved å besøkja Gamlahuset, vandra i tunet og kulturlandskapet.
Me fyrer gjerne opp i den gamle gardssmia, om du vil prøva deg på å smi ein liten ting, som du får med deg.
Kanskje er du ute etter heilt spesielle opplevingar? Då har me eigne opplegg, der du kan delta i arbeidet med å ta vare på kulturmiljøet.
Familien har budd på garden i mange hundre år. Slekta kan fygjast attende til 1600-talet, men i fylgje munlege overleveringar, har familien budd her sidan før svartedauden. Me overtok garden 2013. Tida etter det, har me lagt ned mykje arbeid , tid og pengar, for å ta vare på bygningar, inventar og kulturlandskap. Dette arbeidet vil me fortsetja, til me levera garden over til neste generasjon.
Me som bur på garden er :
- Janne, kåno.
- Magne, kadl.
- Tanja, ungdomen på garden.
- Hunden, Frøya
- Kattane, Pusur, Hassel og Kill’n
- Gamalnorsk spelsau, Ragnhild, Mærta, Bærta, Alva, Annie og Asta
- Hanen, Keisar Wilhelm
- Hønsene, 8x Tippehøne.

Magne & Janne
Janne, arbeida til dagleg i barnehage.
Magne, arbeida til dagleg i vidaregåande skule.
Saman steller me dyra på garden, passa på at småting er på stell og veldikehaldet av bygningar og kulturlandskap.
Inn i mellom tek me livet heilt med ro og slappar av og gler oss over staden vår 🙂

Tanja, sjukepleiarstudent
Hjelper til når det trengs
Frå tid til anna, får me litt omtale i media.
BA 28. mai 2022: https://www.ba.no/paret-er-i-gang-med-et-kjempeprosjekt-pa-osteroy/f/5-8-1905553
Bygdanytt 29. januar 2019: https://www.bygdanytt.no/magasin/i/bK0Gee/kortreist-kjaerleik-er-toppen-i-koppen
Bygdanytt 16. september 1988: http://koppengard.no/wp-content/uploads/2016/10/Bygdanytt-16.9.1988.pdf