Opplevingar

Guiding i tunet, gamlahuset og smio ( 1 time)

Me byrja i tunet kor me fortel om gardshistoria, kulturlandskapet og bygningane som finns på garden og kva dei vart nytta til. Vidare ser me nærare på vetlahuset, smio og litlaøo. Til slutt går me inn i det gamle våningshuset (gamlahuset), kor me går gjennom romma og du får oppleva korleis forfedrane budde fram til 1960 – 1970 -talet. Me avsluttar med ein smakebit av kaffimat frå gamledagar. 

Dei minste får i litlaløo, snikra ein lastebil etter model av den borna leika med på 1950-talet. 

Me har kulturløype med postar, som du kan utforska på eigahand.

2 – 6 personar

Kr 250,-

Besøk i smio (ca 50 min)

Ei smia fanns på dei fleste gardar før i tida. Her laga dei og reparerte reiskapane, som dei nytta i drifta av garden. På Osterøy har fleire av dei store metallveksemdene byrja i ei slik gardssmie.

Når du besøkjer smia, fyrer me opp i esa og under rettleing av gardssmeden, får du laga ein liten ting. Det som du smir får du med deg heim.

1 – 3 personar

Prisen inkludera stål, koks og kaffi.

Me har ikkje sett opp faste tider for besøk i smio. Kontakt oss på e-post og skriv eit par alternativ om når du vil koma å smi.

Kr 1 500,-

Regenerative opplevingar

Kva er ei regenerativ oppleving?

Ingunn Sakshaug, Innovasjon Norge, definerar det slik: Regenerative opplevelser vil si å gi tilbake til stedet man besøker, eller forbedre de.

Hjå oss vil du kunna delta i arbeidet med å ta vare på kulturarven. Me tilpassa opplegget i forhold til personlige interesser og føresetnadar, kor lang tid du vil bruka og kva oppgåver som er tilgjengelege.

Oppgåver kan vera:

  • stell av kulturlandskap.
  • reparasjon av tørrmurar.
  • vedlikehold av bygningar
  • laga trekòl til smio

Be om pris. Skriv om interessene dine og kor lang tid du ynskje å bruka.

Kvifor besøkja oss?

Ved å besøkja oss, støtta du oss i vårt arbeid med å ta vare på denne unike kulturskatten.

Alle inntekter går til drift og vedlikehald av bygningar og kulturlandskap